Fortun skyttarlag.

 

Litt historie fra Fortun skyttarlag sitt baneanlegg.

 

Bana vart kjøpt hjå Nils Optun  14.04.1951 for kr. 350 og var 15x600m.

 

Den 26.06.1981 fekk ein forhandsgodkjenning for oppgradering av bana frå politiet.

På årsmøte 13.11.1981 vart det vedteke å byggja den om til 100 og 200m. Det vart vald to mann Kristoffer og Jarle i ei banenemd saman med 2 personar fra kommunen.

 

Den 21.06.1982 vart det inngått avtale med gardsnr. 3 Gunnar og Ingeborg Steig om endring/byting av areal fra 15x600m til 30x400m.

Grava på 200m vart opprusta til 15 skiver. Støypt nye vegger og skygge sommrane 1982/83.

 

Den 15.12.1983 vart det søkt om byggjeløyve for ny standplass og skyttarhus.

I 1984 vart grunnarbeidet for standplass opparbeidt og brakke i Lovadalen som ein fekk av ÅSV vart riven og frakta til bana og lagra der.

I 1985 vart standplass støypt og materialer innkjøpt. I 1986 vart det bygd ny veg fram til bana og overbygget på standplassen vart fullført.

Det vart og framført linje for straum.

 

I 1987 vart peler for skytterhus ferdig. Arbeid utført av P. Nyløy. Og skivetrekket på 100m. vart påbegynt.

 

1988 var skyttarhuset fullført. Noko innleigd (R. Vigdal) og resten dugnad.

Skivetrekket vart fyrste gong prøvd på skytingens dag 21.05.1989.

 

Skyttarhuset vart innvigd under Lagmeistarskapen i september 1989 med festleg samver.

Det gjekk med over 3000 dugnadstimar på baneanlegget.

Den 03.11.1989 vart det halde årsmøte i eige lagshus.

 

Hausten og vinteren 97/98 vart salen i skyttarhuset utvida med 48m²  og standplassen forbedra (støydemping) dette på grunn av at laget fekk tildelt Norgescup juni 1998.

 

2004 vart det kjøpt inn 10 elektroniske skiver på 200m.

 

 

 

 

 

 

Oppdatert:  10.05.09 19:22  OGB