Vassbakken Kro og Camping vert driven av Tordis Hauge. Plassen ligg ved RV 55 om lag midt
mellom bygdesentra Skjolden og Fortun. Vassbakken Kro og Camping har 13 hytter av høg
standard og med ulik storleik. Det er plass til om lag 50 telt eller vogner. Plassen er
velutstyrt med leikeapparat, sanitæranlegg av høg standard. Kroa har kiosk med godt
vareutval og serverar mellom anna tradisjonsrik mat. Øl- og vinrett.
Vassbakken ligg på den flate og grøderike dalbotnen og har fått namnet etter det
nærliggjande Eidsvatnet. Like ved kastar Vassbakkfossen utover fjellet og er eit
spektakulært syn, særleg i snøsmeltingsperioden. Frå dalbotnen stig dei bratte fjella opp
og grensar i nord til Jotunheimen med Hurrungane. Turtagrøområdet som kanskje er det mest
kjende klatreområde i Norge kan nåast med bil på under 20 minuttar.
Vassbakken Kro og Camping kan nyttast som base for dagsturar mellom anna til Jotunheimen,
Sognefjorden og Jostedalsbreen.
I kommunen er også fleire interessante kulturminne med Urnes stavkyrkje som det mest kjende.
Bygdesentra Skjolden og Fortun har butikk med post. På Skjolden ligg fleirbrukshuset
Fjordstova med mellom anna innandørs sømjebasseng og klatrevegg.