English Info
 
Generell informasjon
Sognefjellet Sommarskisenter AS organiserar langrennstrening på Sognefjellet i området ved RV 55 - Fanaråkbreen. Terrenget ligg ved RV 55 som går over Sognefjellet i Vest-Jotunheimen. Vegen er Nord-Europas høgastliggande fjellovergang og går gjennom noko av den vakraste og mest storslagne naturen vi har i Noreg. Løypene ligg over 1400 m.o.h. - ein idèel høgde for profesjonell langrennstrening. Veret kan vera flott med sol frå skyfri himmel, men det kan også verta snøfall og storm.
Dei gode tilhøva for skitrening har i dei siste åra fått mange topputøvarar i ymse greiner til å leggja sommarskitreninga til Sognefjellet.
 
Løypeinformasjon
For løypepreparering vert nytta skisenteret si Prinot TS prepareringsmaskin. Breidda på sporet vert 3 m, og det vert lagd 5-15 km spor alt etter ver- og snøtilhøve. Løypene ligg ved RV 55 i første del av sesongen. Seinare kan dei verta flytta til området ovanfor Prestesteinsvatn, ca. 500 m. frå RV 55. Høgde over havet er 1550m.
Det vert lagt opp til to økter pr. dag. Det er best tilhøve for fristil om morgonen. Mange løparar startar denne økta om lag kl. 07:30. Løypepreparering for morgonøkta vert gjort kvelden før. I fall vanskelege tilhøve vert løypa også køyrd om morgonen. Til økt 2 vert det ved normale vertilhøve køyrt opp klassisk spor omlag kl. 15:30.
 
Parkering
Ved Sognefjell Turisthytte og annan opparbeida parkeringsplass ved Prestesteinsvatn.

Hovedside

Oppdadert: 30.05.05 21:59 OGB