Kort reiseavstand frå Skjolden ligg Nigardsbreen, den største breen på det europeiske fastlandet. Her finst eit breitt tilbod av brevandringar, både for barn ned i 6-års alderen, og dei som ynskjer meir utfordrande opplevingar. Alle som går breturar vert utrusta med godkjent utstyr. Vi anbefaler ein tur på isbreen for ei oppleving blant dei sjeldne.

Fjella ved Sognefjorden byr på lette familieturar og meir utfordrande toppturar. Ved turistinformasjonen ved sida av hotellet kan ein kjøpa turkart med tekstar som beskriv ulike turar, samt vanskegrad og tidsbruk.

    Klatring på Jostedalsbreen     Bremuseumet i Jostedal
For ei komplett naturoppleving anbefaler vi helikopteromvising. Frå helikopteret kan ein sjå fjordar, fjell og brear på kort tid utan å måtte gå i krevande terreng. For bestilling, ta direkte kontakt med anten Airlift eller Helikopter Utleie AS.

Urnes Stavkyrkje er ei blant 28 stavkyrkjer i Noreg og er på UNESCOs versdarvliste. Kyrkja er frå kring 1130-talet og er med det den eldste stavkyrkja i verda. Byggestilen er unik med imponerande utskjeringar. Vitjing kan finna stad kvar dag frå 7. juni til 31. august mellom kl 10:30 - 17:30. Kyrkja ligg ved Ornes, omlag 30 km fra Skjolden. Ta kontakt i resepsjonen for meir informasjon.

    Urnes Stavkyrkje     Sykkeltur langs Sognefjorden
Overnattar du på Skjolden finn du alltid eit tilbod tilpassa deg. Hotellet ligg ved fjorden med eiga strandline. Her kan du bade, fiske, sykle eller ta deg ein tur med båt eller kajakk.

Kort avstand frå hotellet finn ein populære turstiar i mektig og variert natur. Noregs høgaste fossefall, Feigumsfossen med sine 218 meter fritt fall, er eit godt døme. Ein fottur hit er ein attraksjon i seg sjølv.

"Der fjord- og fjellandet møtast..."
    Rafting i Jostedalen.     Feigumsfossen
Vegen over Sognefjellet er Nord-Europas høgaste og mest imponerande fjellovergang med sine 1430 m.o.h. Sognefjellet har vore ei viktig ferdselsåre mellom aust og vest i fleire hundre år. Vegen er Nasjonal Turistveg grunna den spektakulære og ville naturen i området.

Fleire sidevegar går inn til fjellområda i Jotunheimen og Breheimen. Desse områda er nasjonalpark og er kjenneteikna av høge fjell og snøkledde brear. På Sognefjellet finn du og Sognefjell Sommarski, der ein kan gå langrenn i preparerte løyper heile sommaren.

ttest
    Fiske i Sognefjorden     Kayakpadling på Sognefjorden