Turforslag nr. 1 : Fjøsnastølen
På denne turen opplever ein fin utsikt over Lusterfjorden og fjella på sørsida av fjorden. I aust ser ein grenda Optun og fjelltoppen Fanaråken.
|
|
|
Turforslag nr. 2 : Åsetevatnet
På denne turen får ein eit flott utsyn over Mørkridsdalen, Åsetevatnet med stølsgrender og Hurrungamassivet i Jotunheimen.
|
|
|
Turforslag nr. 3 og 4 : Storetjørna-Dulsete
Dette er ein fin tur gjennom frodigt landskap i Mørkridsdalen.Turen byr blant anna på fossande elvestryk, stille tjørner og gamle stølsgrender.
|
|
|
Turforslag nr. 5 : Rebni og Rebnisli
Dette er ein utsiktstur forbi høgdegardane Flaten, Skåri og Rebni til stølen Rebnisli. Turen byr på flott utsyn mot Skjolden og Lusterfjorden.
|
|
|
Turforslag nr. 6 : Sengjaberget
Sengjaberget er det mest besøkte utsiktspunktet i Skjolden. Herifrå får ein godt utsyn over Skjolden, Eidsvatnet og Lusterfjorden.
|
|
|
Turforslag nr. 7 : Gjerseggi
Turen byr på utsyn mot Fortunsdalen og fjella på andre sida, samt besøk på dei fråflytta fjellgardane Fuglesteg og Furåsen og fjellstølen Lingane.
|
|
|
Turforslag nr. 8 : Furåsen
Denne fjellturen fører til den fråflytta fjellgarden Furåsen. Turen byr på fint utsyn over Fortunsdalen og fjella ikring.
|
|
|
|
|