Skjolden Næringspark, Luster, Sognefjord, Norge


NB! Skjolden Næringspark er eit prosjekt under arbeid. Les meir om prosjektet her >>

Fjordstova
Våre lokaler PDF Skriv ut E-post

I 1994 sto Fjordstova ferdig etter sterk innsats frå lokale aktørar. Tiltaket var ei vitamininnsprøyting for lokalsamfunnet.  Alle som bur i regionen er stolte av Fjordstova og føler at kvar og ein eig ein del av den.  Huset er ein viktig møteplass og ein inspirasjon til lokalt samhald og samarbeid.

All drift av Fjordstova skjer ved dugnad.  Styreleiar og dagleg leiar gjer ein stor innsats.  10 vaktmeistrar deler på sine oppgåver. Mange familiar deler på ansvaret for open kafe med badebasseng 3 gonger i veka.  Det er møteverksemd i velutstyrte møterom mest kvar dag.  Den store samfunnssalen er mykje i bruk mellom anna til gymnastikk for eldre og yngre. Sogn og Fjordane teater kjem med teaterframsyningar og det vert arrangert  konsertar og andre arrangement.  Amfiet i salen har plass til 140 tilskådarar.  I tillegg har ein plass til mest like mange på  vanlege stolrekker, ved ein konsert.

Klatreveggen og styrkerommet er stadig i bruk.


Møterom

Fjordstova har i dag 5 møterom med varierande kapasitet. Saman med Skjolden Hotel vert det endå fleire rom å velja mellom. Klikk på bileta i høgre kolonne for å sjå bilete.

Møterom I i posten
Dette møterommet ligg i det tidlegare postkontoret. Det har kapasitet til 16 deltakarar.
Møterommet har prosjektor og øvrig utstyr for kurs og informasjon.

Møterom II brigde-kroken
Dette er eit lite møterom med kapasitet for 5-6 deltakarar.
Møterommet har stor TV-skjerm, prosjektor og øvrig utstyr for kurs og informasjon.

Møterom III i kafeen
Her har det vore halde informasjonsmøte med 80 deltakarar. Kapasiteten er 100 deltakarar
Her er prosjektor og øvrig utstyr for kurs og informasjon. Kaffi m.m. under møtepause.

Møterom IV i biblioteket
Biblioteket er betjent berre ein kveld i veka. Som møterom er det disponibelt heile dagen.

Det har kapasitet for 12-14 deltakarar.  Også dette rommet har prosjektor og alt anna utstyr for kurs og informasjon.

Møterom V samfunnssalen

Salen har mobilt amfi med plass til 140 personar.  Det kan haldast informasjonsmøte for minst 200 personar.  Kurskapasiteten er på minst 100 personar.  Også her er det montert fast prosjektor med fjernkontroll og stort lerret + alt utstyr for kurs og informasjon.

 

Viktig informasjon  - Skjolden Næringspark er eit prosjekt under utvikling!
Les meir >>

Del på facebook
Design og utvikling : Terje A. Gudmundsson ©2010 | Admin