Skjolden Næringspark, Luster, Sognefjord, Norge


NB! Skjolden Næringspark er eit prosjekt under arbeid. Les meir om prosjektet her >>

skjolden_bygdesenter2

Skjolden Bygdesenter PDF Skriv ut E-post

Skjolden er bygdesenter for indre del av Luster.  Skjolden, Fortun og Sørsida har eit folketal på om lag 500.  Denne lokal-regionen har i lang tid hatt jordbruk som hovednæring.  I den seinare tid har mange bønder slutta med dyrehald pga. rovdyrplager og dårleg lønsemd.  Dei har funne seg arbeid utanom bruket, og pendlar til Gaupne og Sogndal.

Det er avgjerande  for framtida å få etablert lokal næringsverksemd i indre del av Luster.  Fråflyttinga må stoppast, og ein må satse på ein auke i folketalet dei næraste åra. Kommuneplanen for Luster har som målsetting at folketalet skal oppretthaldast i alle deler av kommunen.  Ein slik politisk lovnad har liten verdi, dersom ingen på lokalplanet tek ansvar.

Det vert ikkje fleire verksemder i Skjolden enn dei me utviklar sjølve.

 

Viktig informasjon  - Skjolden Næringspark er eit prosjekt under utvikling!
Les meir >>

Del på facebook
Design og utvikling : Terje A. Gudmundsson ©2010 | Admin