|
Skjolden Brygge og Cruise Oddvar Røysi investerar over 100 mill i dette prosjektet. Den nye cruise-kaien kan ta imot cruiseskip av alle storleikar som vert bygde no. Kanskje kjem det i framtida, cruiseskip til Skjolden med 5000 passasjerar og 3000 tilsette om bord.
Hyttene – 18 i talet – vil innehalda meir enn 50 leilegheiter med til saman fleire hundre sengeplassar. Skjolden har frå før hotell og campingplassar med mange sengeplassar under tak. Telt og campingvogner kjem i tillegg. Alt anleggs- og planeringsarbeid skal vera avslutta innan mai 2010 og cruise-kaien vert då teken i bruk. Dei 8 hyttene som er under oppføring, vert ferdig utvendig til same tid. Innreiing kjem etter kvart.
Skjolden sentrum Skjolden sentrum vart opprusta med nye parkeringsplassar og ny asfalt i 2008. Gamlebrua vert i desse dagar renovert . Skjolden har daglegvarehandel med post- og banktenester.
Skjolden nye skule og barnehage Denne sto ferdig i 2008. Elevane i Fortun er flytta ned til Skjolden. I Skuleåret 09/10 er det 42 elevar. I barnehagen er det 20 barn.
Gullringen tunnelen Denne er under arbeid og skal opnast i juni 2010. Tunnelen er eit rassikringsprosjekt. Staden har hatt høg frekvens av steinras som har skapt stor frykt blant bygdefolk. Skavikskreda er kjend som ei svært farleg snøskrede. Denne skreda er svært uberegneleg, fordi den brått kan koma frå fjellet med store snømengder, utan at ein kan oppdaga henne, før den brått rasar utfor ein foss like over riksvegen. Det er godt at ingen til denne tid har vorte tekne av denne skumle snøskreda.
Den 1200 meter lange Gullringen tunnelen fjernar faren både for steinsprang og snøskreda. Etter opninga av tunnelen kan folk trygt busetja seg i Skjolden.
Skjolden Aktiv Dette er eit prosjekt som kom i gang som resultat av Oddvar Røysi sine investeringar. Fjordstova og bygdelaget tok initiativet etter oppmoding frå Røysi, som meinte at lokale krefter burde engasjera seg for dei nye turistanlegga. Prosjektfinansieringa kom frå lokale verksemder og Luster Kommune, fylkeskommunen og fylkesmannen. Prosjektet vil bli ferdigstilt i 2010. Skjolden Aktiv har hatt følgjande prosjekt gåande:
- Utvikla ny heimeside for Skjolden, skjolden .com
- Montert web-kamera med værdata i Skjolden og ved Sognefjellhytta.
- Konstruert ny logo for turistbedriftene i Skjolden området.
- Utarbeidd brosjyre med profilering av Skjolden og omegn.
- Innkjøp av utstyr til Skjolden torg, med tanke på sal til cruise-turistar.
- Badestranda er oppgradert og er blitt svært populær.
- Sandvolleyballbana på stranda er ferdig og er mykje i bruk.
- Turstiar er oppgraderte og merka. Det er utarbeidd nye kart av høg kvalitet og ny informasjon på nye oppslagstavler.
- Det er utarbeidd kart over mulegheiter til fiske i elvar og fjellvatn i Skjolden, Fortun og Sørsida.
- På enden av moloen ved badestranda vert det ei markering av at ein står ved enden av verdas lengste fjord. Her vil det verta montert ein skulptur som er teikna av ein amerikansk kunstnar med røter frå vårt nærområde. Ved skulpturen skal det vera informasjonstavle og sitjeplassar. Plassen vert utvida til våren til om lag 300 m2, og skulpturen med sokkel vert 4-5 m høg og ferdig hausten 2010.
- ”Bolstadnosi opp” vert ein klatresti for spreke turistar som kan ta seg beint opp frå Skjolden til toppen av Bolstadnosi 900 m.o.h. Her må stien ryddast og merkast. Det må monterast sikringsutstyr, slik at folk utan klatreerfaring kan ta seg trygt opp. Utstyr er kjøpt inn. Prosjektet vert ferdig hausten 2010.
Skulpturen på moloen ved badeplassen
Det er no bestemt at det kjem på plass ein stor skulptur ute på enden av moloen. Denne staden skal samtidig markera enden av verdas lengste fjord. Heile arrangementet skal opnast på kulturdagane eller jonsok 2011.
Det vil koma meir informasjon etter kvart.
Wittgenstein-prosjektet
Dette prosjektet er no i gang. Det skal opprettast ein organisasjon som skal ha ansvaret for prosjektet frå starten, under bygginga og for drifta etter at huset er på plass. Her er ikkje sett opp dato for ferdigstilling. Det vert teke kontakt i utlandet om finansiering.
Det vil koma meir informasjon etter kvart.
|