Skjolden Næringspark, Luster, Sognefjord, Norge


NB! Skjolden Næringspark er eit prosjekt under arbeid. Les meir om prosjektet her >>

Planlagt kontorfløy ved Fjordstova PDF Skriv ut E-post

Utsikt utover Lustrafjorden
Interimstyret for Skjolden Næringspark kan i dag presentera eit aktuelt alternativ for kontorfløy ved Fjordstova.  Tilbygget er planlagt 18 m langt med kontor i 3 etasjar, til saman 20 kontor. Bygget har mykje glas, og ein får kontor med ”verdens finaste utsikt”.
Planlagt kontorfløy mot fjorden.

Arkitekten arbeider vidare med utforming og meir detaljert kostnadsoverslag.  Sjølve planløysinga vert presentert seinare.

Leiga vert om lag kr 20.000,- eks mva. pr. år for kvart kontor + andre felleskostnader. Det er sjølvsagt fullt høve for fleire å gå saman om å leige eit kontor.

Det vert rikeleg med plass for fellesutstyr som printer og kopimaskin m.m. i trappekorridoren. Inngang til kontorfløyen gjennom dagens bibliotek.
Fasade mot aust

Dersom de har planar om å flytta til indre del av Luster, bør de ta kontakt snarast om kontorplass i Skjolden Næringspark. Me har som målsetting å få inn flest mogeleg av fagområda som nemnt i ”Potensielle bedrifter i næringsparken”. Sjå dette!

Næringsparken må ha leigeavtalar for om lag 40 % av kontora før det kan søkast om finansiering av tilbygget.  Styret ynskjer ei avklaring i løpet av dette året.
 

Viktig informasjon  - Skjolden Næringspark er eit prosjekt under utvikling!
Les meir >>

Del på facebook
Design og utvikling : Terje A. Gudmundsson ©2010 | Admin