Skjolden Næringspark, Luster, Sognefjord, Norge


NB! Skjolden Næringspark er eit prosjekt under arbeid. Les meir om prosjektet her >>

neringsparken
Næringsparken PDF Skriv ut E-post
Ein næringspark er ei samlokalisering av fleire kunnskapsintensive verksemder. Ein prøver å skapa eit næringsmiljø som skal gje positive ringverknader for verksemdene i næringsparken, for det lokale næringsliv og for lokalsamfunnet. I vårt tilfelle kan ein satse på å utvida Fjordstova og få 350 m2 nytt kontorareal. Samlokaliseringa vil medføra at eksisterande fellesrom og utstyr i Fjordstova vert nytta til noko positivt. Her er kantine, toalett/garderobe, møterom m.m. Av fellesutstyr kan nemnast: Breibandnett, kopimaskin, prosjektor, wbt og anna utstyr for kurs og møte. Dette kan suplerast med anna fellesutstyr. Ein klar fordel ved samlokalisering av små og mellomstore bedrifter er rimeleg leige av kontorplass, tilgang til ei flott kantine og godt utstyrte møterom. Skjolden Næringspark er innstilt på å ta på seg rolla som sentral utviklingsaktør for lokalt næringsliv.

Målet er:
  • Å skape eit attraktivt arbeidsmiljø for ungdom med høg kompetanse.
  • Å stimulera til nyetablering
  • Å generera ny aktivitet til distriktet
  • Å utvikla ein god teknisk infrastruktur
  • Informera om attraktive bustadtomter til folk som flytter til Skjolden.
  • Informera om tilgjengelege store tomter for dei som ynskjer å bu utanfor tettstad. Det er politisk vilje til frådeling av tomter på 3-4 da. på Sørsida.
  • Stoppe nedgangen i folketalet i Skjolden Nye Skulekrins

Føremålet med næringsparken er å skape framtidsretta og konkurransedyktige verksemder i distriktet. Då kan ein bu lokalt og jobba globalt. Det blir ikkje fleire bedrifter på bygdene enn dei ein lagar sjølv.


Fjordstova som del av næringsparken

Fjordstova høver godt til dette føremålet. Bygget inneheld mange rom som kan nyttast til fellesareal i næringshagen.  Her er garderobe, toalett, kantine og mange velutstyrte møterom i alle storleikar. Det ein treng i eit nybygg er avgrensa  til netto kontorlokaler. Fjordstova A/S til syta for drift av kantine. Det same gjeld reingjering av kontoravdelinga.


Kvifor vil me utvikla Skjolden Næringspark  no?

Grunnlaget for Skjolden Næringspark vart lagt då Oddvar Røysi gjekk i gang med sine investeringar.  Han forklarte bakgrunnen for investeringane slik:  ”Eg ville gje Skjolden eit løft”, sa han. Og det har han gjort til gagns. Dette har utvikla optimisme i Skjolden. Røysi sin aktivitet i Skjolden var også bakgrunnen for vårt initiativ for å få bygd Gullringentunnelen.  Me tenkte : No eller aldri!

Dei same tankane er grunnlaget for å starta utviklinga av Skjolden Næringspark: No eller aldri!

Investeringane i cruisekai og turistanlegga dannar grunnlaget for auka aktivitet og  nye arbeidsplassar.  Skjolden Næringspark vil leggja til rette for ei slik utvikling. Me vonar at mange ser sjansen til å etablera si eiga verksemd. Me skaffar kontorplassar etter behov.

Dei mange overnattingsplassane i Skjolden vil i framtida kreva stor innsats innan salg og tilrettelegging. Her krevst dyktig personell. Den store turiststraumen til Skjolden vil kreva stadig nye tilbod. Her trengst det folk med initiativ og pågangsmot til å utvikla ymse former for aktivitet, slik at turistane blir i Skjolden ei tid.  Skjolden Aktiv har gjeve denne prosessen ein god start, sjå heimesida/ prosjekt i Skjolden. Her trengst personell til å planleggja og driva guiding av turar i fjell og dal i Skjolden sitt nærområde.

Med planlagd utviding av Fjordstova vil samfunnssalen bli større.  Dette opnar for større arrangement som festivalar, konsertar, kurs og konferransar, og store årsmøte-arrangement for politiske parti og andre organisasjonar.  Dette vil forlenga sesongen for overnattingsverksemdene.  Den rette personen kan byggja opp sitt eige firma som arrangør av slik aktivitet heile året.

Eit av lager-lokala i underetasjen kan bli musikkstudio for den som er spesielt interessert.

Næringsparken må innehalda varierande kompetanse.  Det er behov for ymse konsulenttenester.  Konkret har me behov for siv.ing. eller ing. innan maskin og bygg som vil busetja seg i Skjolden området og etablera seg som sjølvstendig næringsdrivande. Det er ein fordel med kunnskap og praksis om kraftutbygging. Me har i så fall idear om kvar oppdraga kan finnast.  Det er populært å byggja  småkraftverk både i Luster og andre stader i landet.

Syner ellers til ”Potensielle bedrifter i næringsparken”.

 

Viktig informasjon  - Skjolden Næringspark er eit prosjekt under utvikling!
Les meir >>

Del på facebook
Design og utvikling : Terje A. Gudmundsson ©2010 | Admin