Skjolden Næringspark, Luster, Sognefjord, Norge


NB! Skjolden Næringspark er eit prosjekt under arbeid. Les meir om prosjektet her >>

Kontakt oss

Skjolden Næringspark ynskjer kontakt med utflytte ungdomar frå Luster, og andre som har lyst til å busetja seg i Skjolden. Dei som har tankar om å flytta, og som har høgare utdaning, vert oppmoda om å ta kontakt med oss. På ein eller annan måte skal me freista å  leggja til rette for arbeid eller etablering av eiga verksemd  i Skjolden. Då må me veta litt om utdanning og kvalifikasjonar.

På Skjolden Næringspark si heimeside ligg det skjema for registrering. Ein kan og registrera seg berre med namn og mail-adresse for å bli halden orientert om framdrifta av prosjektet. Utfylt skjema kan registrerast direkte på heimesida eller sendast til Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javascript for å kunne sjå adressa

Korleis skaffe jobb?
Det er fleire alternative løysingar på denne oppgåva.  Den som er tilsett til dømes i ei data-bedrift, kan freista å overtala arbeidsgjevaren sin til å oppretta avdelingskontor i Skjolden. Dersom bedrifta er i ekspansjon og har vanskar med rekrutteringa av nye medarbeidarar, kan løysinga nettopp vera å etablera seg med avdelingskontor i Skjolden.  Skjolden Næringspark har alt kontakt med data-folk, og vil gjennom ovannemnde registrering koma i kontakt med fleire. Då kan ekspansjonen i firmaet skje med stabil arbeidskraft i eit fantastisk kontorfellesskap.

Eit anna alternativ kan vera å få aksept for eit heimekontor i Skjolden. Mange oppdrag kan løysast minst like bra med utgangspunkt i Skjolden som frå  ein eller annan større by i landet. Eit tredje alternativ er at ungdomar med flytteplanar startar sitt eige firma. Skjolden Næringspark vil skaffa kontorplass og vera behjelpeleg med oppstarting og registrering av eige firma. Ein nyetablerar vil få fordelaktig pris på kontorleiga i etableringsfasen.  Heimesida vil etter kvart ha informasjon med linkar til off. instansar som kan hjelpa til i slike høve.


Kva med bustad?

Når næringsparken får i gang registreringa, vil ein sjå behovet for mellombelse bustader.  Då kan ein vurdera løysingar på denne utfordringa.  Skjolden har fine bustadtomter med god utsikt. Tomtene er svært rimelege, og kan tingast straks. Det er og politisk vilje til å tillata frådeling av store tomter t.d. på Sørsida. Kommunen har ordningar med tilskot til spreidd busetnad, noko som kan vera attraktivt for enkelte.

Du kan også kontakt ein av oss direkte på lista nedanfor:
Nr. Namn Stilling E-post Mobil
1 Norvald Hovland Prosjektleiar Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javascript for å kunne sjå adressa 97030825
2 Einar Birger Nyhus Styreleiar Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javascript for å kunne sjå adressa 91594955
3 Arne Hauge Nestleiar Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javascript for å kunne sjå adressa 97655147
4 Einar Galde Styremedlem Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javascript for å kunne sjå adressa

Viktig informasjon  - Skjolden Næringspark er eit prosjekt under utvikling!
Les meir >>

Del på facebook
Design og utvikling : Terje A. Gudmundsson ©2010 | Admin