| Fiske i Skjolden |
|
|
|
Skjolden og Luster kommune kan tilby alle typar fiske og har ca 200 fiskevatn der det er fjellaure i alle.
Fjellfiske Fiskekort for fjellfiske kan kjøpast gjennom grunneigarlaga, elveeigarlaga, campingplassar, turistinformasjonar og butikkar i området. I dei områda som ikkje kjem inn under fiskekortordninga må du ha løyve frå den einskilde grunneigar for å kunna fiska. Fiske er lovleg når fjellvatna er isfrie, og fiske med garn er lovleg til 20.september (maks 3 garn pr kort). Gratis fiske i 2011: Ofsarvatnet er eit idyllisk fjellvatn mellom Luster og Skjolden, 1003 moh. Vatnet er fiskerikt og som eit ledd i kultiveringsarbeidet tilbyr me fiskeinteresserte fritt fiske i vatnet med alle typar reidskap i heile 2011. Meir info her: www.skjolden.com/ofsarvatnet.pdf Sjøfiske I fjorden kan alle fiska fritt med stang og handsnøre, bortsett frå 100 meter frå elvemunninga når laks og sjøauren er freda. Laks og Sjøaurefiske I Mørkridselva er laksen framleis totalfreda, men sjøaure kan du fiske frå 15.juli til 15. september. Kort kan kjøpast gjennom Hauge fiskeutleige eller hjå den enkelte grunneigar som har fiskerett. Desse grunneigarane sel fiskekort for sjøaure i Mørkridselva: Halvard Johan Bolstad, Jostein Bolstad, Halvar Nedkvitne, Edin Bolstad og Simon Page. I elva, frå der laksen og sjøauren stoppar og i ikkje lakseførande sideelvar, gjeld fritt sal av fiskekort for fjellfiske på same måte som for fiskevatna. I Fortunselva er også laksen framleis freda, men sjøaure kan fiskast her frå 15. juli til 15. september. Kort kan kjøpast hjå Nymoen Leirplass og Vassbakken Kro og Camping . Fiskekort for fjellfiske kan kjøpast dei same plassane og hjå Coop i Fortun og Fortun Bensinstasjon eller elektronisk på Inatur.no for Luster Austre Statsalmenning.. NB! Dersom du ynskjer å fiske i lakse eller sjøaureførande delar av elva, må du i tillegg kunne vise fram kvittering for betalt fiskeravgift (dersom du er over 16 år). Du kan betale den elektronisk ved å klikke på lenken til høgre, eller hjå dei fleste postkontor i Noreg. Sjå forøvrig oversikt over fiskereglar for Luster kommune. Bileta nedanfor syner litt av kva ein kan oppleve i Skjolden dersom ein tek fiskestanga fatt.
|
|||||||||
| Last Updated ( onsdag , 27 juli 2011 ) | |||||||||
















































