| Marås Hjort i Mørkridsdalen |
|
|
|
Marås Hjort ligg idyllisk til 5km inne i Mørkridsdalen. Farmen blir på to sider omkransa av elvar. Krekafossen og Drivandefossen er flotte landemerke på eigedommen vår. Dette gir ein naturleg fin ramme, og eit fint miljø for hjortane. Farmen vart oppretta sommaren 2006. Farmen eigast og drivast av Siv Merete og Knut Marås. Me har 48 vaksne hjortar, og ventar 24 kalvar til sommaren. Ved full drift skal me ha 40 produserande koller. Besøk på hjortefarmen Me tek imot besøk kl 18.00 og 19.00, i dagane frå og med onsdag til og med søndag. Me ønskjer å ta imot to puljer med besøkande, fordelt på dei to overnemnte tidspunkta. Dette for å fordela dei besøkande, både for opplevelsen, og hjortane sin skuld. For å sikra hjortens ve og vel, ber me besøkande respektera besøkstidene. Besøkstidene er satt opp etter solnedgang. Sol og varme er ein stor stressfaktor for hjortane våre her nede i dalbotnen sommartid. Besøkande vil da få vera med på fôring av hjortane. Nærkontakten med desse dyra er ei spesiell oppleving. Ta med kamera !! På grunn av lite parkeringsplassar, oppfordrar me besøkande til å parkera ved brua, og spassera inn. Turen tek ca 8-10 min. Pris 25 kr for born og 50 kr for vaksne. Viktig informasjon Det er ikkje lov å ta med seg hund eller andre dyr inn til farmen i forbindelse med omvisninga. Det er heller ikkje lov til å gå langs gjerdet rundt farmen. Hjortane må ha fred og ro saman med dei nyfødde kalvane sine. Kontakt Marås Hjort Kreken 6876 Skjolden Tlf: 57 68 12 05
|
||
| Last Updated ( sundag , 06 januar 2008 ) | ||













































