Dale Kyrkje finn du i Luster ca 10 km frå Skjolden - i retning Sogndal. Steinkyrkja blei bygd i 1240, og er ei av dei best bevarte middelalderkyrkjene våre i Noreg. Med fyrste augnekast kan den virke grå og kjedeleg utanpå, men idet du går inn kyrkjedøra skjønar du fort at denne kyrkja er spesiell og er verdt eit besøk.
Det er på interiøret denne kyrkja scora høgast og som den er mest kjend for. Det fyrste du møter er den enorme og kjende klebersteinsportalen(bilete under), som er hoggen ut av ein stein. Den blei truleg henta frå Kleberseggi, nordaust for stølen Dale på Indre Hafslo. Steinen vart så transportert ned bakkane til Fet, deretter køyrd til Marifjøra og frakta vidare med båt inn til Luster.
Ein reknar utforminga av portalen som det ypparste av norsk steinkunst frå mellomalderen, og at det sannsynleg kan ha vore utanlandske handverkarar som har bygd kyrkja.
Kyrkja blei vigsla til St. Nikolaus (helgenen som gav opphavet til den moderne St. Nikolas - julenissen) kring 1240 av biskop Arne.
I 1898 oppdaga ein gamle kalkmåleri under nyare kalk i kyrkja, og ved ei restaurering kring 1950 avdekka ein i alt tre ulike lag med veggmåleri frå golv til tak i heile koret; eitt lag frå 1300-talet, eitt frå 1500-talet og eitt frå 1600-talet.
Etter nøye registering av ein dekor frå 1600-talet, avdekte myrkjemålaren Ola Sæter eit biletlag frå 1500-talet. Her er m.a. bilete av David og Goliat, St. Georgs kamp mot dragen, heilage menn og djevlar i rikt monn, og andre meir verdslege motiv.
Eit av motiva kan minne om eit lystig fylgje på veg heim frå ein rangel!
|
 |
|
Over: Den massive klebersteinsportalen
Foto: Asle Veien, NRK
|
Det finns eit utall av kulturskattar i kyrkja, bl.a. ein døypefont i kleberstein frå mellomalderen, to lysestakar og preikestol frå 1633. På Bergen Museum finns det frå denne kyrkja to altarfrontalar (altarmåleri) - det eine frå kring 1300, og det andre frå kring 1350, treskulptur av St. Olav frå 1275, kapitélfigur i tre (kapitél er topp på ei søyle) frå 1200-talet og lysestake frå mellomalderen.
Eit pulpitur - dvs. eit privat galleri eller "kyrkjestol" med gitter føre - er frå 1699 og vart bygt for den fornemme familien til oberstløytnant von Krogh, som held til på Embetsgarden Flahamar. På folkemunne vart dette pulpituret kalla "Fuglaburet" fordi ålmugen nede i kyrkja berre såg hattefjøra til statsfruene som sat i "buret" oppe på veggen.
Omvising:
Kyrkja står open kvar dag frå kl. 10.00 - 20.00 i tida 1. juni og ut august månad.
Omvising kan ordnast ved å henvende seg til prestekontoret på tlf. 57 68 56 40 eller mobil: 917 76 418.
|
|
|
Last Updated ( måndag , 19 mars 2007 )
|