|
Drivandefossen i Mørkridsdalen |
|
|
Mørkridsdalen, - eller også kalla "fossenes dal", har mange flotte fossefall som er verdt eit skue. Kanskje den flottaste av dei er synleg frå Skjolden sentrum og heiter Drivandefossen. Den er lett tilgjengeleg til fots etter merka tursti frå Mørkrid (sjå kart over Mørkridsdalen), og etter ca 20 minutt gange frå parkeringsplassen på Jervane på Mørkrid kjem du opp til dette kraftfulle vassfallet.
Drivandefossen vert også kalla Krekafossen av einkelte, noko som er feil. Krekafossen finns, men den er lenger nede mot småbruket Kreken.Området ved Drivandefossen heiter Drivande og vart rekna som god slåttemark i eldre tider. Kanskje ikkje så rart ettersom marka får gjevn tilførsel av fuktigheit (driv) frå fossen gjennom heile sommarhalvåret. Våren kjem tidleg her og ved Drivande er det ein liten plass som blei kalla Vårtufsi - fortalte Arne J. Mørkri (som var ein av dei siste gode kjennarane av området, døydde i 1999). Høyet som vart slege ved sida av fossen vart frakta litt lenger ned der det vart sett opp i høystakkar og for å få god nok turk.
Den kjende folkemusikk-komponisten og spelemannen Hans Mørkrid ( frå Mørkrid) skreiv m.a. Krekafossens brus, og melodien handla om vatnet si voldsomme ferd frå Åsetevatnet ned til Mørkridselva og vidare til Skjolden. Sjå videoklipp av Trygve Ormberg (frå Mørkrid) si framføring av melodien her.
Turistvegen går berre nokre fåe meter frå fossen, som gjer at ein liten avkjølande dusj er uungåeleg. Her får du verkeleg føle den kraftfulle vassfallet på kroppen, og det er behageleg å bli avkjølt her når ein veit at den bratte turiststien mot Åsetevatnet ligg og ventar.
For spesielt interreserte, kan ein nemne at det for ei stund sidan vart oppdaga ein spesiell mose/ lav-art like ved fossen. Planta lever berre på områder som har kontinuerleg fossedrev og finns på nokre steinar ved fossen. Det anbefalast at du tek med regnty dersom du ynskjer å finne mose/ lavarten.
|
Sommar som vinter har det i alle tider vore stor trafikk av folk og fe forbi fossen. Om vinteren gjekk folk over ei bru like ovanfor Drivandefossen og vidare bort til Krekaholten og opp Holtastrypet deretter i retning Osen, for å unngå is, snø og steinsprang. Denne ruta blei brukt av Mørkridsdølene då dei skulle til fjells for å moke taket på stølshusa sine - fortalte Arne J. Mørkrid. Desverre er brua er ikkje brua der lenger, men bruakara står fortsatt. No for tida må folk gå den utrygge vegen opp til Åsetevatnet vinterstid for å sjå etter sel og hytter.
Etter du har passert Drivandefossen (og klærne dine har byrja å verte turre), vil du legge merke til eit par andre flotte fossefall. Det eine er Gurosetefossen med eit totalt fall på ca 300 meter (bilete nede til venstre) og Bjødnafossen like nedanfor Åsetevatnet (bilete nede til høgre). Klikk på bileta for å forstørre.
Ynskjer du ein guida tur for å oppleve desse fossefalla og historie kan du lese meir her . |
|
|
Last Updated ( tysdag , 01 april 2008 )
|