|
N. H. Lerums Saftfabrikk på Sørheim |
|
|
Bær og fruktdyrking har lange tradisjonar i Skjolden området, og Luster kommune er idag den største bærkommunen i landet. Heilt frå byrjinga av 1900 talet var eksporten av frukt og bær stor, og det meste vart sendt med dampskip til Bergen for vidare sal og eksport. Det var i 1900 landhandlaren Hallvard Drægni starta med saft og syltetøyfabrikk i Skjolden og landhandlaren Nils H. Lerum starta på Sørheim (ca 10 km unna) i 1907.
Saftfabrikken til Drægni vart seinare kjøpt opp av Lerum, og utvikla seg vidare til det me kjenner idag som landets største saft og syltetøysprodusent under varemerket Lerum.
|
Over: Landhandel og Saftfabrikken til Lerum. |
Kari og Nils H. Lerum bygde seg hus på Leri i Sørheim i 1905, der dei dreiv landhandel i kjellaren samt vidaresending av frukt og bær med båt til Bergen. Det var mange som dreiv med frukt og bærdyrking på Sørheim på denne tida og folketalet i den vesle veglause grenda (på sørsida av Lustrafjorden) var ca 10 gonger høgare enn idag.
Industrieventyret starta i 1907 med at dampbåten til byen gløymde att nokre stampar med ferske bær på kaien på Sørheim. Bæra hadde stor verdi og dei fann ut at dei ville koke dei og selje dei som saft i landhandelen sin. Dette blei ei populær salsvare, og allereie i 1909 satsa Nils og Kari meir på saftproduksjon og dei bygde ein eigen fabrikk for føremålet. Dei laga mykje av maskineriet og utstyret til drifta sjølve, og det kunne vere 7-8 personar i jobb samtidig i produksjonen.
På loftet blei det lagra sukker, emballasje og reiskapar. I mellometasjen gjekk sjølve produksjonen føre seg. Her er det to store vedfyrte kokepanner, som kvar tek om lag 250 liter, og dessutan saftpresser, maskiner for flaskekorking, boksefalsing, og skrelling av frukt, i tillegg til arbeidsbenk og vedkappsag. Alt dette var drive av ein ”Rapp” båtmotor.
I kjellaren var det den gongen eit lager med store tønner på 300-500 liter.
Safta frå Lerum vart berre meir og meir populær, men den veglause bygda var avhengig av farbar sjø for at båten frå Bergen kunne legge til kai. Sjøisen var til tider eit stort problem og det endte med at saftproduksonen blei flytta til Sogndal i 1919.
|
Over: Saftpressa var eit viktig reiskap under saftproduksjonen. |
Dette skjedde på same tid som Drægni hadde flytt produksjonen sin til Hermansverk ikkje langt unna på grunn av dei same isproblema i Lustrafjorden. Det er naturleg å tru at desse var store konkurrentar på denne tida og det var eit kappløp om å vinne markedsandeler.
Konservesindustrien hadde tøffe tider frå 1970 talet og i 1982 gjekk Bergens & Drægni Produkter AS (som det då heitte) konkurs. Heile fabrikken på Hermansverk blei kjøpt opp av Lerum for 3,2 mill. kroner. Etter store endringar i både marknad og produksjonsmåtar er konsernet fortsatt eigd av familien etter at 4. generasjon overtok aksjane i 2005.
Saftfabrikk og Landhandleriet blei totalrestaurert i 2003 og dette i dag eit industri- og handelsmuseum som er ope for publikum.
Omvisning
Kan bestillast online gjennom Lerum.no her eller ved å kontakte:
Astri og Nils Lerum
Leri
6876 Skjolden
Telefon: (+47) 57 68 51 78
This e-mail address is being protected from spam bots, you need JavaScript enabled to view it
|
|
|
Last Updated ( onsdag , 14 mars 2007 )
|