I Luster finns det mange fjellgardar, men nokre av dei skil seg litt ut frå andre. Dei to som me vil beskrive her har to ting til felles, - dei har begge stovehus og fjøs bygd i stein og begge er nyrestaurerert til mest mogeleg orginal stand. Dei ligg òg berre ca 2-3 kilometer frå Skjolden sentrum.
Den eine garden heiter Skåri og ligg i Mørkridsdalen, og den andre heiter Fuglesteg og ligg i nabodalføret Fortunsdalen.
|
| Over: Utsikt mot Skjolden. |
|
| Over: Steingjerde på veg til smia. |
|
| Over: Steinfjøsen med Sognefjorden i bakgrunnen. |
|
| Over: Jaktslottet til husbonden. |
|
| Over: Vetlestova og Larsastova |
|
Skåri Gard
Ligg på ca 300 meters høgd i Mørkridsdalen og har hatt fast busetnad (som me veit om) frå byrjinga av 1600-talet. Det er naturleg å tru at det var busetnad her tidlegare òg, for dette er ei av dei mest grøderike plassane i Skjolden området. Nede i dalen var det før i tida for det meste oversvømt av vatn og Mørkridselva rann fritt (før ca 1910). Jordsmonnet i Skåri består av mest næringsrik skredjord, som får kontinuerleg tilførsel av mineralrikt vatn frå mange bekkar ikring. Våren kjem tidleg her oppe ettersom plassen ligg solrikt og lunt til. Før i tida var Skåri og Rebni (garden ovanfor) rekna for å vere plassane i Luster som hadde den beste frukta. Det finnest fortsatt att epletrer her som er fleire hundre år gamle.
Skåri er òg kjend for sin eigen bjørketype som vaks her, -også kalla Skåra bjørka. Det har desverre ikkje lukkast av den noværande eigar å finne att dei siste trea som levde her oppe av det unike treslaget. Heldigvis har dei eksemplar av Skårabjørka på Botanisk Museum på Tøyen i Oslo, og eigaren av Skåri ynskjer å få bjørka tilbake hit til opprinnelsesstaden. Bjørka har spesielle blader med spissare sagtannformer på blada enn den vanlege bjørketypen.
Gradsdrifta av garden Skåri blei avvikla rundt 1964 og bruket vart utan beburarar i byrjinga av 1970-talet då den siste av gardbrukarane her oppe døydde. Garden har heilt til nokre fåe år sidan vore utan vegforbindelse (berre kjerreveg). Historien fortel at då den siste Skårabonden døydde her oppe på 1970 talet, tok drosjesjåfør Steinar Fortun sjansen på å køyre bil opp hit for å hente den avdøde. Det skulle vise seg å verte ein biltur han seint skulle gløyme, ettersom han måtte rygge heile vegen nedatt med liket i baksetet.
Ei lukke for Skjolden og det unike gardstunet på Skåri (der dei fleste av husa var til nedfalls), var at ein håndtverkar som tittulerar seg som husdoktor med namn Geirr Vetti overtok bruket i 1998.
Han ser på det som sitt livsverk å få sett i stand bygningane her som er ca 12 i talet, og har lang erfaring på restaureringsprosjekt i inn og utland - derav tittelen Husdoktor.
Vetti har ikkje ikkje lege på latsida dei få åra han har hatt bruket, og kan stolt vise fram ei oppattbygd steinstove og delvis steinfjøsen i tillegg til det nyaste gardshuset (som han kallar jaktslottet sitt), det gamle hovudhuset (Larsastova) og kårhuset (Vetlastova) som han til dagleg brukar som kontor. I tillegg jobbar han med restaurering av stabbur og smie, samt stølshus på Myrasete.
Han har hatt arbeidsfolk frå mange nasjonar fortel han, men dei fleste har gåve seg etter eit par dagar. I dei siste åra har han brukt nepalske skjerpaer som er verdens beste arbeidsfolk meinar han og er spesialistar i steinarbeid - og ikkje minst tungarbeid.
For å holde vegetasjonen nede og kulturlandskapet i hevd på garden, har han Skotske høylandsfe i beite i tillegg til ein hest.
|
| |
|
|
|
Last Updated ( tysdag , 25 mai 2010 )
|