Her er ei oversikt over dei fleste av utandørsaktivitetane i Skjolden området.
|
|
Fotturar
Området rundt Skjolden og i Mørkridsdalen har kanskje eit av landets største utval i fotturar av ulik art. Her kan du gå frå hytte til hytte til dei mange DNT hyttene i området, gå på toppturar og tindebestingningar i Breheimen og Jotunheimen.
Du kan òg velje andre turar utfrå fleire gode turkart som finns for området. Langs fleire av turstiane er det mange attraksjonar. Me anbefalar å sjå på våre kart før du legg ut på tur.
Det er utarbeidd forslag til fleire fotturar i området. Lenkene finn du på vår fotturside, saman med mykje anna relevant informasjon.
Gå til fottursida >> |
Sommarskisenter
Interresert i ei unik skioppleving om sommaren, med panoramautsikt utover Jotunheimen?
Sognefjellet Sommarskisenter finn du omlag ein halvtimes køyring med bil eller buss frå Skjolden.
Senteret er ope for alle og ligg ikkje langt frå Sognefjellshytta. Her finn du preparerte løyper heile sommaren, som mellom anna vert nytta av det norske skilandslaget og andre eliteløparar. "Her er alt fantastisk" - sa skidronninga Marit Bjørgen i eit avisinlegg ved Sognefjellet Sommarskisenter.
Sognefjellet Sommarskisenter si heimeside >>
|
Luster Paintball & Events
Paintball og andre aktivitetar ca 7 km frå Skjolden sentrum (ikkje rafting).
For meir info sjekk
Luster Paintball & Events si heimeside>> |
Kajakk og sykkelutleige
Opplev Lustrafjorden (som er den indre del av Sognefjorden) i ein kajakk eller frå sykkelsetet. Kajakkar med alt nødvendig utstyr, samt syklar får du leigd hjå Skjolden Hotell eller hjå turistinformasjonen.
Det finns mange flotte sykkelruter i området og dette er eit godt alternativ til bilen.
Gå til kajakk og sykkelsida >>
|
Sandvolleyball, idrettsanlegg og badestrand
I Skjolden sentrum finn du Luster kommunes flottaste badestrand med utsikt utover Lustrafjorden.
På stranda finn du òg ei ny sandvolleyballbane til fri bruk for alle.
Over riksvegen (like ved), finn du fotballbane og idrettsanlegg, som kan nyttast til fotballtrening og andre aktivitar (sjå kart her).
Fleire detaljar finn du her >> |
Fiske
Fiskeinterresert? Prøv fiskelukka i sjøen, elvane eller i dei mange fiskerike fjellvatna i området.
Det er eit stort tilbod for den fiskeinterreserte i Skjolden.
Gå til fiskesida >> |
Lamasafari i Skjolden
Vere med på ein spesiell guida tur for heile familien i naturskjønne omgivelsar ved Mørkridselva saman med intelligente og rolege dyr?
Då kan Luster Lama vere verdt eit besøk.
Meir info om tilbodet finn du her >> |
|
|
Last Updated ( tysdag , 29 mai 2012 )
|