Skjolden området har fleire faste arrangement kvart år. Fyrst ut av dei er Tinderittet, som vanlegvis vert arrangert i byrjinga av mai, deretter fylgjer Kulturdagane i Skjolden i siste helga i mai, deretter Olsokmarknaden i Fortun i slutten av juli og til slutt Fanaråken Duathlon i august månad.
Tinderittet
Tinderittet er eit arrangement for telemark, alpint og snøbrett i Jotunheimen Nasjonalpark.
Frå Nordre Dyrhaugstind (2100 moh) svingar Dyrhaugsryggen seg over 5,5 km og 1200 høgdemeter ned til Turtagrø Hotel.
Rittet blei første gong arrangert i 1992 og talet på deltakarar har auka jamnt og trutt, og i 2004 låg det an til å bli over 200. Diverre vart Tinderittet då avlyst, slik som i 1996, på grunn av snømangel.
Tinderittet Junior er eit nytt tilbod til dei under 15 år frå 2007. Det har vore stor interesse hjå dei minste om å vere med, og no vil dei få sjansen.
Tinderittet si heimeside >> |
Kulturdagane i Skjolden
Heilt sidan 1988 har Kulturdagane i Skjolden vore arrangert siste helga i mai. Kvart år har det vore nye hovudtema og utstillingar, samt salsboder og aktivitar for publikum.
Det har for vane å vere godt vær under denne helga, noko som kjem godt med under den populære "Frukosten i det fri" på sundagen ved Eidsbrua (biletet til venstre).
Kulturdagane si heimeside >>
|
Olsokmarknaden i Fortun
Gjennom århundrer har det vore handel mellom sogningar og gudbrandsdøler.
På den årvisse marknaden i Fortun får du kjøpt det meste innanfor lokale matvarer og håndverksprodukt av både sogningar og gudbrandsdøler.
I tillegg til salsbodene i sentrumsområdet, vert det arrangert aktivitetar og utstilingar. Hesteskyss er ein av dei populære aktivitetane utandørs og spesielt for borna (bilete til venstre).
Gå til Olsokmarknadsida >>
|
Fanaråken Duathlon
Fanaråken Duathlon startar i Skjolden (ca 0 m.o.h.) og endar på Fanaråken (2068 m.o.h.).
Duathlon startar med sykkel frå Skjolden til Turtagrø (16 km), og fortsetter deretter med løping (8,4 km) til Fanaråkhytta. Arrangementet har hatt ein sterk auke i antall deltakarar sidan fyrste gongen det blei arrangert i 2003. Samstundes med duathlon, vert motbakkeløpet Turtagrø - Fanaråken Opp arrangert.
Begge arrangementa har 5 års jubileum i 2007 og arrangøren IL Fanaråk fekk tildelt NM i motbakkeløp for 2007.
Fanaråken Duathlon si heimeside >> |
|
|
Last Updated ( sundag , 24 juni 2007 )
|