Skjolden har mange aktivitetar og by på, og her er ei lita oversikt over kva tilbod som finns i området.
Oversikta er delt inn i innandørs og utandørs aktivitetar. Innandørs på Fjordstova i Skjolden sentrum og utandørs aktivitetar frå området ikring. |
| |
|
Innandørs aktivitetar
|
Klatring
Her er det muleg å få prøve klatreferdigheitane dine. Klatreveggen er 12 meter høg pluss overheng.
Det er lettare ruter for born og nybyrjarar.
Kapasitet på 7 personar samstundes.
Klatreveggen kan resververast for grupper.
Opningstider:
Ved årskort / eige utstyr: alle dagar: 08:00 - 22:00, eller etter avtale.
Prisar:
Born kr 20.-
Vaksne kr 40.-
Leige av utstyr: Sele kr 20.-, Tau kr 10.-, Sko kr 10.-
Årskort: Born kr 150.-, Vaksne kr 300.-
Bilettsal i kafe/ turistinformasjon |
Basseng og badstove
Fjordstova har basseng som er tilpassa barnefamiliar, eldre og funksjonshemma, samt moderne garderobar og badstove.
I perioden då det ikkje er badevakt, kan det vera mogeleg å få tilgang til bassenget etter avtale.
Billettsal i kafe eller turistinformasjon.
| Opningstider |
| Dato |
Dagar |
Klokka |
| 21.06.-10.08. |
Alle unntatt måndag |
15:00 - 18:00 |
| 01.10.-01.05. |
Tysdag og Fredag |
18:00 - 21:00 |
| Sundag |
16:00 - 19:00 |
| Prisar i NOK |
| Personar |
Dagskort |
Årskort |
| Born |
20.- |
250- |
| Vaksne |
40.- |
500.- |
| Familie |
Etter avtale |
1000.- |
| Grupper |
Etter avtale |
|
Styrketreningsrom
Opningstider:
Når turistinformasjonen eller kafèen er open, eller etter avtale.
Prisar:
Dagskort: kr 40
Årskort: kr 300
Bilettsal i kafèen / turistinformasjonen
|
Gymsal og konferansesal med amfi
Blir brukt som forsamlingssal for større arrangement og til forskjellig innandørs aktivitetar på forespørsel.
Den utrekkbare amfien har god kapasitet og salen kan gjerast om frå gymsal til forsamlingssal i løp av minuttar.
Opningstider:
Når turistinformasjonen eller kafèen er open.
Elles etter avtale.
|
Skyting
Den innandørs skytebana på Fjordstova blir brukt både til pistol og miniatyrskyting.
Luster Sportskyttarlag (pistol) og Fortun Skyttarlag (miniatyr) har faste treningskveldar her, i tillegg til at det vert arrangert fleire konkurransar her årleg.
| Luster Sportskyttarlag |
Fortun Skyttarlag |
| Opningstider: |
Tysdag, kl. 18:00 - 21:00 |
Måndag og fredag,
kl. 18:00 - 21:00 |
| Medlemskap: |
Under 20 år |
kr 100.- |
|
| Over 20 år |
kr 150.- |
| Familie (2 pers) |
kr 200.- |
| Familie(over 2 pers) |
kr 100.- |
|
Biljard
Dersom du skulle ha lyst til å prøve litt biljard, så finn du biljardbord i kjellaren på Fjordstova.
Er ope når kafe eller informasjon er open. |
|
|
Fotturar
Området rundt Skjolden og i Mørkridsdalen har kanskje eit av landets største utval i fotturar av ulik art. Her kan du gå frå hytte til hytte til dei mange DNT hyttene i området, gå på toppturar og tindebestingningar i Breheimen og Jotunheimen.
Du kan òg velje andre turar utfrå fleire gode turkart som finns for området. Langs fleire av turstiane er det mange attraksjonar. Me anbefalar å sjå på våre kart før du legg ut på tur.
Det er utarbeidd forslag til fleire fotturar i området. Lenkene finn du på vår fotturside, saman med mykje anna relevant informasjon.
Gå til fottursida >> |
Sommarskisenter
Interresert i ei unik skioppleving om sommaren, med panoramautsikt utover Jotunheimen?
Sognefjellet Sommarskisenter finn du omlag ein halvtimes køyring med bil eller buss frå Skjolden.
Senteret er ope for alle og ligg ikkje langt frå Sognefjellshytta. Her finn du preparerte løyper heile sommaren, som mellom anna vert nytta av det norske skilandslaget og andre eliteløparar. "Her er alt fantastisk" - sa skidronninga Marit Bjørgen i eit avisinlegg ved Sognefjellet Sommarskisenter.
Sognefjellet Sommarskisenter si heimeside >>
|
Paintball & Events
Luster Paintball & Events tilbyr paintball og andre aktivitetar i Mørkridsdalen omlag 7 km frå Skjolden sentrum.
Kun førhandsbooking. Ta kontakt på 99623558 eller via heimeside (rafting lagt ned f.o.m. 2011).
Luster Paintball & Events si heimeside>>
|
Kajakk og sykkelutleige
Opplev Lustrafjorden (som er den indre del av Sognefjorden) i ein kajakk eller frå sykkelsetet. Kajakkar med alt nødvendig utstyr, samt syklar får du leigd hjå Skjolden Hotell eller hjå turistinformasjonen.
Det finns mange flotte sykkelruter i området og dette er eit godt alternativ til bilen.
Gå til kajakk og sykkelsida >>
|
Sandvolleyball, idrettsanlegg og badestrand
I Skjolden sentrum finn du Luster kommunes flottaste badestrand med utsikt utover Lustrafjorden.
På stranda finn du òg ei ny sandvolleyballbane til fri bruk for alle.
Over riksvegen (like ved), finn du fotballbane og idrettsanlegg, som kan nyttast til fotballtrening og andre aktivitar (sjå kart her).
Fleire detaljar finn du her >> |
Fiske
Fiskeinterresert? Prøv fiskelukka i sjøen, elvane eller i dei mange fiskerike fjellvatna i området.
Det er eit stort tilbod for den fiskeinterreserte i Skjolden.
Gå til fiskesida >> |
Lamasafari i Skjolden
Vere med på ein spesiell guida tur for heile familien i naturskjønne omgivelsar ved Mørkridselva saman med intelligente og rolege dyr?
Då kan Luster Lama vere verdt eit besøk.
Meir info om tilbodet finn du her >> |
|
|
Last Updated ( tysdag , 29 mai 2012 )
|